Nordmannen - Glittertind

Nordmannen - Glittertind

  • 출시년도: 2013
  • 언어: 노르웨이 인
  • 지속: 2:14

아래는 노래 가사입니다. Nordmannen , 아티스트 - Glittertind 번역 포함

노래 가사 " Nordmannen "

번역이 포함된 원본 텍스트

Nordmannen

Glittertind

Mellom bakkar og berg ut med havet

Heve nordmannen fenge sin heim

Der han sjølv heve tuftene grave

Og set sjølv sine hus oppå deim

Han såg ut på dei steinute strender

Det var ingen som der hadde bygt;

«Lat oss rydja og byggja oss grender

Og så eiga me rudningen trygt»

Han såg ut på det bårute havet

Der var ruskut å leggja utpå

Men der leikade fisk nedi kavet

Og den leiken den ville han sjå

Fram på vetteren stundom han tenkte:

«Gjev eg var i eit varmare land!»

Men når vårsol i bakkane blenkte

Fekk han hug til si heimlege strand

Og når liene grønkar som hagar

Når det laver av blomar på strå

Og når netter er ljose som dagar

Kan han ingen stad venare sjå

200만 개 이상의 가사

다양한 언어로 된 노래

번역

모든 언어로 고품질 번역

빠른 검색

몇 초 만에 원하는 텍스트를 찾으세요