아래는 노래 가사입니다. Eukalyptustreet , 아티스트 - Solefald 번역 포함
번역이 포함된 원본 텍스트
Solefald
Trei stend lenger enn menneski
Dei er sverd som veks or jordi
I ein japansk hage i Argentina
Andar dei stilt under jagarflyi
Eukalyptustreet segjer inkje
Kva det tenkjer, det undrast eg på
«Ingen dictador lever lenger enn eit tre
Me vil eige verdi etter menneski
Sjå på oss no, våren er vår siger
Greinene strekker me rakt i vêret
Me er naturens kveisande keisarar
På ei gudlaus jord er det me som er gudar
Me eig dykk
Me eig dykkar vesle liv
Me eig dykk på ryggen i jordi
Me eig dykk med andletet ned
Me eig dykk der de sig i kne
Me eig dykk som stel safirar
Me eig dykk like til dauden
Me eig dykk directores gordisimes
Me eig dykk som skjemmer mødrer
Me eig dykk, og me meiner ålvor
Me kann få dykk i tale med motorsagi
Hogg os ned, og me vil vekse upp att
Men um me ein dag høgg dykk ned
Då vert det heile yver for menneski"
Slik trur eg eukalyptustreet tenkjer
다양한 언어로 된 노래
모든 언어로 고품질 번역
몇 초 만에 원하는 텍스트를 찾으세요