아래는 노래 가사입니다. Møte , 아티스트 - Solveig Kringelborn, Malcolm Martineau, Эдвард Григ 번역 포함
번역이 포함된 원본 텍스트
Solveig Kringelborn, Malcolm Martineau, Эдвард Григ
Ho sit ein Sundag lengtande i Li;
Det strøymer på med desse søte Tankar
Og Hjerta fullt og tungt i Barmen bankar
Og Draumen vaknar, bivrande og blid
Då gjeng det som ei Hildring yver Nuten;
Ho raudner heit;
der kjem den vene Guten
Burt vil ho gøyma seg i Ørska brå
Men stoggar tryllt og Augo mot han vender;
Dei tek einannan i dei varme Hender
Og stend so der og veit seg inkje Råd
Då bryt ho ut i dette Undringsord:
«Men snille deg då … at du er så stor!»
Og som det lid til svale Kveldings Stund
Alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer
Og brådt um Hals den unge Arm seg krøkjer
Og øre skjelv dei saman Munn mot Munn
Alt svimrar burt.
Og der i Kvelden varm
I heite Sæle søv ho i hans Arm
다양한 언어로 된 노래
모든 언어로 고품질 번역
몇 초 만에 원하는 텍스트를 찾으세요