아래는 노래 가사입니다. Fangegard , 아티스트 - Vreid 번역 포함
번역이 포함된 원본 텍스트
Vreid
Det kom som lynnedslag, gjekk som skred
Den gangen det slo oss ned
Det overmektige mange
No går det langsamt — Atter vår
Og Noreg er ein fangegard
Kvar nordmann er ein fange
Usynleg piggtård tett i tett
Spent ut i eit forgreina nett
Om skritt, om ord, om tankar
Ja, du kan sitta fast ein dag
Om berre dine hjarteslag
For openhjartig bankar
Kvar nordmann er i fangeskap
For den som har med ærestap
Kjøpt friteikn frå tyrannen
Er ikkje nordmann meir
Men sjølv
Ein vaktar
Eller vaktars trell
Med trellens teikn i panna
Men dei skal hugsast — Bli ein sum
Som kviler i oss, tung og stum
Og vel kan overmakta
Få lært ein modig fot gå
Men alder norske hjarter til slå
I denne fengselstakta
다양한 언어로 된 노래
모든 언어로 고품질 번역
몇 초 만에 원하는 텍스트를 찾으세요