아래는 노래 가사입니다. Til deg , 아티스트 - Gåte 번역 포함
번역이 포함된 원본 텍스트
Gåte
Du gledde meg så mykje
Eg kan’kje gleda deg
Det beste som eg hadde
Var alt for smått for deg
Men denne vesle knoppen av mitt eige rosentre
Den skal du ha til minne om somaren og meg
I fjor haust var den berre eit snøkvitt lite nor
Djupt nedi jorda, på rota åt si mor
Når somarsola vart so varm, då våga den seg opp
Og skaut så friske grøne blad, og slik ein blodraud topp
Men då var høsten her, med iskald gufs frå hei og nut
Det vart for seint, so altfor seint, han fekk kje spretta ut
So laut han døy, og vondt det var då vesle livet gjekk;
Men lagnad-stålet av han skar, det finst kje råd med slikt
Og ilska rann med livet ut i tidens djupe hav
Der lengt og liding, sorg og sut, ja alt skal gløymast av
Og rota som den grodde på må visna bort og døy
For alt som lever her på jord er liksom gras og høy
다양한 언어로 된 노래
모든 언어로 고품질 번역
몇 초 만에 원하는 텍스트를 찾으세요